Steinar Engelbrektsson Band


Bandet med den ekte spelegleden.

Steinar Engelbrektson Band har base i vakre Nordfjord. Medlemmane i bandet kjem frå nordvestlandet. Det som kjenneteikne SEB er spelegleden dei leverer frå scena.  Mange er blitt glad i dette bandet som leverer Dansbar Country til sitt publikum. Låter som «På grunn av bagateller», «Ikkje gje opp håpet» og «Heim til Nordfjord» er låter som skaper stemning og allsang der SEB spelar opp til dans.

Steinar Engelbrektson Band er no ute med ei ny plate som vi har kalla «Cowboy Volume 1.  To av låtene har allerede vore ute ei stund.  «Blue eyes grying in the rain» og You never be sorry». Dette er glimrande duetter synge av Steinar Engelbrektson og Sissel Lunde Sundby. Meir av same sorten blir å finne på denne nye plata som er den tiande plata frå dette bandet.

Steinar Engelbrektson Band består av:
Steinar Engelbrektson Vokal/trekkspel
Sissel Lunde Sundby Vokal/tangenter
Tor Ove Sjåstad Trommer
Dan Mikal Ripe Frøystad Steelgitar
Even Solheim Gitarer
Oddmar Varpe Teknisk leder