Honndalshallen
26. - 27. august 2022
Show navigation
Hide navigation
Hjem
Om Oss
Billettar
Kontakt Oss
Om årets dansegalla
Om Oss
Sidan 2014 har fotballgruppa og fridrettsgruppa i Hornindal Idrettslag samarbeida om å arrangere dansegalla i Honndalshallen i Hornindal.
26. - 27. august 2022 er dermed det 7. året på rad at Honndalshallen fyllest av danseglade mennesker (dersom vi ser bort frå 2 år med pandemi der vi måtte avlyse).
Frå vi starta planlegginga av den fyrste dansegallaen (2014) tilbake på hausten 2013 har vi som arrangør hatt fokus på å utvikle eit arrangement av høg kvalitet, og god trivsel. Det skal vere kjekt å vere på dansegalla i Honndalshallen!
Utifrå tilbakemeldingane frå våre gjester ser det ut til at vi klart dette, men samstundes er ikkje dette ei kvilepute for oss. Vi jobbar kontinuerlig for å utvikle oss, og set stor pris på tips og tilbakemeldingar på kva vi kan gjere betre, eller fornye.
På dansegallaen i år vil dansegolvet vere større en nokon gong, vi har investert i enda meir parkett.
På dagtid laurdag flyttar vi showteltet til Groparken (fortsatt i sentrum av Hornindal) og dermed blir det betre fasilitetar med bl.a. betre toalett og dansegolv.
Her spelar svenske Holidays i showteltet under dansegallaen i 2019.