Om Oss
Sidan 2014 har fotballgruppa og fridrettsgruppa i Hornindal Idrettslag samarbeida om å arrangere dansegalla i Honndalshallen i Hornindal. 

21.-22. august 2020 er det dermed 7 året på rad at Honndalshallen fyllest av danseglade mennesker.

Frå vi starta planlegginga av den fyrste dansegallaen (2014) tilbake på hausten 2013 har vi som arrangør hatt fokus på å utvikle eit arrangement av høg kvalitet, og god trivsel. Det skal vere kjekt å vere på dansegalla i Honndalshallen! 

Utifrå tilbakemeldingane frå våre gjester ser det ut til at vi klart dette, men samstundes er ikkje dette ei kvilepute for oss. Vi jobbar kontinuerlig for å utvikle oss, og set stor pris på tips og tilbakemeldingar på kva vi kan gjere betre, eller fornye.   

På dansegallaen neste år (2020) vil dansegolvet vere større en nokon gong, vi har investert i enda meir parkett. 

På dagtid laurdag flyttar vi showteltet til Groparken (fortsatt i sentrum av Hornindal) og dermed blir det betre fasilitetar med bl.a. betre toalett og dansegolv. 


Her spelar svenske Holidays i showteltet under dansegallaen i 2019.